
– Smarthus interesserte meg ikkje i det heile
Kva skjer når ein som er over snittet interessert i teknologi og ei som eigentleg ikkje bryr seg om smarthus, bestemmer seg for å bygge eit nytt hus?
– Dette prosjektet har vore noko heilt for seg sjølv, seier Bjørnar Fykse med eit smil. Saman med Intin, Kvam Elektro og Lyskomponenter har han og familien fått realisert draumen om eit moderne smarthus, tilpassa både kvardagen og familien.
Eit hus som passar inn – og stikk seg ut
Då Bjørnar og familien bestemte seg for å bygge hus, visste dei at det kom til å bli eit heilt spesielt prosjekt. Huset ligg på ein bratt tomt i eit utfordrande område, noko som stilte store krav til arkitektur og tilpassing i terrenget.
– Det var ikkje berre å slå opp eit bygg her, forklarer Bjørnar. – Etter lang behandlingstid med kommunen, fekk vi eit arkitektteikna hus som smeltar inn i landskapet. Det er senka inn i terrenget, nedtona og tilpassa dei bratte liene rundt oss.
Men å bygge dette huset var ikkje berre enkelt. Bjørnar smiler når han tenkjer tilbake:
– Det tok to år, og det meste av arbeidet vart gjort av meg, ein tømrar og nokre ekstra hender i ny og ne. I tillegg fekk vi ein liten ein rett etter at prosjektet starta, så det var hektisk!
Redd for at mor ikkje kunne slå på lysa
For Bjørnar var det aldri tvil om at huset skulle vere eit smarthus.
– Eg likar duppedittar, seier han med eit glimt i auget. – Byggjer du nytt hus no, må du berre ha smarthus. Det er ikkje berre for oss som likar teknologi. Linda, kona mi, seier ho ikkje kunne vore utan.
– Før eg traff Bjørnar, var eg ikkje interessert i dette i det heile, men eg ser jo kvifor han er så glad i det når det er så enkelt, skyt Linda Aga inn.
– Det overraska meg kor lettvint det var å bruke det, forklarar ho, den store frykta var at huset skulle bli så komplisert at mor og svigermor ikkje skulle kunne sette på lys. Men dei nyttar berre scenene som er lagt inn på Rithum skjermen
Frå Rithum Smart Switch (til høgre i bilde) kan heile familien enkelt kontrollere lys.
No er kvardagen mykje enklare
Familien har valt Homey Pro som styringssystem, og med det har dei fått ei fleksibel løysing som er enkel å bruke.
Smarthuset har blitt ein viktig del av kvardagen til familien.
– Eg står opp grytidleg til jobb, fortel Linda. – Det er noko heilt anna å vakne til svak belysning og roleg radio enn ei vekkarklokke som skrålar. Og når vi er ute av huset, slår alt seg av automatisk.
– Vi har scener som ”God natt” og ”Kom heim”. Trykk på ein knapp, og lyset justerer seg akkurat slik vi vil. For oss har dette gjort kvardagen mykje enklare.
Gjennomført lysdesign
Lys er ein stor del av dette prosjektet, og her har Lyskomponenter verkeleg levert. Huset har gjennomtenkt belysning, med indirekte lys, LED-striper i håndløparar, og ei stemningsfull lyssetting i alle rom.
– Eg må skryte av lysdesignet, seier Bjørnar, vi ville ikkje ha ei lysbombe med spottar overalt. Alt er gjennomtenkt, og det ser veldig bra ut. Den håndløparen med LED-stripene? Det var Lindas idé. Snekkaren trudde ikkje det kom til å fungere, men no er det kanskje den kulaste detaljen i huset.
Ein trygg og kompetent elektrikar
Arin Molven hos Kvam Elektro fekk Bjørnar tidleg på sporet av Homey Pro som styringssystem.
– Det er viktig å ha ein elektrikar som tenker framover. Arin har vore ein god prosjektleiar. Han anbefalte oss Homey og smarthus, men i grunn var ikkje dette ei teneste han leverte, derfor vart Intin kobla på. Intin har vore ein solid leverandør, og saman har dei løyst alle utfordringar som har dukka opp.
– Det som overraska meg, var at når elektrikaren var ferdig, og huset var straumsatt virka alt med ein gong. Det var eg litt imponert over.
Les meir om samarbeidet mellom Kvam Elektro, Lyskomponenter og Intin her
Vurderer du smarthus?
Bjørnar har eit klart råd til dei som vurderer smarthus:
– Har du interesse for teknologi, er det berre å køyre på. Har du ikkje det, må du ha ein god elektrikar og ein leverandør som Intin. Dei gir deg eit system som fungerer, og dei hjelper deg med oppstarten. Alt i alt er eg utruleg fornøgd. Dette er eit hus vi kan vere stolte av!
Om Intin
Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.
Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no
Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600