Når fagfolk får utøve faget sitt

– Me ville skape eit prosjekt som kunden verkeleg kunne trivast med og vere fornøgd med, seier Arin Molven, prosjektleiar hos Kvam Elektro.

Kvam Elektro, etablert i 1975, har levert alt innan elektriske tenester i 50 år. Med ti tilsette og ein solid posisjon innan bustadinstallasjonar, hytteanlegg, solcelle og industriarbeid, veit dei kva som krevst for å lukkast.

Då kunde Bjørnar Fykse kom til Arin med sitt spesielle husprosjekt var to ting i fokus: smarthusløysingar og moderne belysning.

Slik vart samarbeidet mellom Kvam Elektro, Lyskomponenter og Intin Smarthus danna.

Eit hus kunden kan vere stolt av

Arin fortel at prosjektet handla om å sikre ei installasjon som ikkje berre fungerte, men som kunden verkeleg kunne gle seg over.

– Me fekk hjelp av Intin til å løyse smarthusdelen. Dei tok seg av smarthusprosjektering, programmering, og support i etterkant. For oss, som ikkje har like mykje erfaring med smarthus, var dette veldig verdifullt. Me kunne berre montere, og resten tok Intin seg av, forklarar han.

Kunde hadde eit stort fokus på lysdesign og ynskte skreddarsydd belysning til det spesielle huset. Lyskomponenter gjorde sitt og leverte alt frå lyspakker med illustrasjonar og planteikningar til spennande produkt som LED-striper og lamper for indirekte belysning.

– Dei skapte eit flott lysbilde som verkeleg framhevar dei ulike romma, spesielt i stova og på kjøkkenet. Det er blitt ein installasjon kunden kan vere stolt av, seier Arin.

Les om det ferdige prosjektet her

Samarbeid med god flyt

For Kvam Elektro var samarbeidet med Intin prega av god flyt og effektiv kommunikasjon.

– Det var aldri noko kluss. Intin var raske med å svare på spørsmål, og dei leverte alt utstyret i tide. Dette sikra at me kunne halde tidsplanen, noko som alltid er kritisk i slike prosjekt, seier Arin.

Foto: Katrine Helgheim Van Tulder

– Det var aldri noko kluss. Det sikra at me kunne halde tidsplanen, noko som alltid er kritisk i slike prosjekt

Arin Molven, Kvam Elektro

To produkt som utmerka seg for Arin var Homey og Rithum SmartSwitch.

– Rithum-brytaren er noko heilt anna enn det me vanlegvis monterer. Dei er spennande og tilfører noko unikt, fortel han.

Lyskomponenter bidrog med løysingar som gjorde installasjonen ekstra spesiell. LED-striper i inngangspartiet, på terrassen og i håndløpar blei kombinert med indirekte belysning i stova og kjøkkenet for å skapa ein unik atmosfære.

– Dei laga ei lyspakke som ikkje berre var praktisk, men som også sette eit personleg preg på heile prosjektet, seier Arin.

– Rithum-brytaren er noko heilt anna enn det me vanlegvis monterer. Dei er spennande og tilfører noko unikt

Tenker framover for å møte kunden sine behov

Å møte kunden sine behov var heilt sentralt. Arin trekk fram at smarthus ofte handlar om meir enn berre teknologi.

– Kundar ser ofte etter praktiske funksjonar, som å spare straum eller ha full kontroll over lyssetting. Me legg stor vekt på å forstå kva dei treng, og tenkjer alltid framover for å dekke framtidige behov, forklarar han. 

Med ein fornøgd kunde og eit prosjekt som gjekk på skinner, var dette eit eksempel på korleis godt samarbeid kan gi fantastiske resultat.

– Montørane hadde ei god oppleving, og det same hadde me. Når kunden er fornøgd og alt fungerer som det skal, veit me at me har gjort ein god jobb, avsluttar Arin.

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600