Homey som proffløysing

Smart teknologi blir ein stadig viktigare del av kvardagen, og fleire kundar forventar smarthus som ein naturleg del av nybygg og oppgraderingar.

Men for mange elektrikarar har smarthus vore synonymt med komplekse system, dyre integrasjonar og krevjande programmering. Intin og Homey gjer dette enkelt.

Kvifor Homey?

Homey er eit smarthusstyringssystem som samlar alt frå belysning og oppvarming til solcelleanlegg og robotstøvsugarar i ein app. Systemet er kjent for evna til å integrere eit breitt spekter av smarthuseiningar på tvers av standardar, inkludert den nye Matter-standarden. Dette gjer at du som elektrikar kan tilby kundane dine ei løysing som fungerer med dagens teknologi – og som er klar for framtida.

Smartare energistyring blir stadig viktigare, og Homey investerer tungt i løysingar som gjer dette enkelt og brukarvennleg. Ein ny energifane i Homey gir full oversikt over energiforbruket, medan integrasjon med energimålarar, elbilar, solcelleanlegg og batterilagring gjer det mogleg å optimalisere energibruken. Homey støttar òg dynamiske straumprisar og energibaserte automasjonar for å gjere energistyring meir effektiv.

Personvern er ein annan viktig faktor. Homey Pro køyrer lokalt, noko som sikrar at all smarthusdata blir verande i heimen, utan at den blir sendt til eksterne tenester.

Homey i praksis – kva betyr det for deg som elektrikar?

Homey gjer det enkelt å levere framtidsretta smarthusløysingar utan å låse kunden i ein lukka plattform. Ein kan kombinere ulike smarte einingar som lys, varme, alarmar, sensorar og energistyring i eitt system.

Samtidig blir etterspurnaden etter kvalifiserte installatørar stadig større, ettersom smarthusløysingar omfattar meir enn berre lys og varme. Med Homey kan du tilby ei heilskapleg løysing som inkluderer styring av oppvarming, ventilasjon, solenergi og elbillading.

Intin klar til bruk

Som din samarbeidspartnar hjelper Intin deg med å sikre at installasjonane dine er enkle å levere og gir ein profesjonell oppleving for kundane dine. Vi prosjekterer, konfigurerer og tilpassar smarthusløysinga for deg, slik at du kan fokusere på sjølve installasjonen.

I tillegg tek vi oss av opplæring, onboarding og support, slik at både du og kunden får ein trygg og smidig overgang til smarthusløysinga. Vi sørgjer for at systemet fungerer optimalt og er enkelt å bruke, samtidig som vi er tilgjengelege for vidare oppfølging.

Gjer smarthus enkelt for kundane dine

Med Intin og Homey kan du tilby smarthus til både nybygg og eksisterande bustader, utan knot. Du leverer tryggleik, komfort og energisparing, kundane dine får ein framtidsretta bustad, og du som elektrikar får fleire moglegheiter for sal.

Homey er ikkje berre ei løysing for i dag – men òg for framtida, med kontinuerlege oppdateringar og støtte for nye produkt og teknologiar.

Vil du vite meir om korleis Homey kan bli ein del av dine prosjekt?

Ta kontakt med oss i Intin.

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600