Eit wow-prosjekt – på alle måtar

– Då eg fekk tegningane av prosjektet tenkte eg: Wow, dette vil eg levere til! fortel Bjarte Søraa i Lyskomponenter.

Brøggers Veg er ikkje eit kva som helst prosjekt. Her har Fag Elektrikeren, Lyskomponenter og Intin gått saman om å skape ein heim som ikkje berre ser bra ut, men som også fungerer smart.

– Kunden var spesielt opptatt av belysning og styring, og var open for nye løysingar, fortel Petter Sivertsen i Fag Elektrikeren, han viste tidleg interesse for Homey og ville ha dette integrert i huset.

Lyskomponenter leverte lysdesign og belysningsprodukt,

– Bygget i seg sjølv var veldig fint. Vi ville sikre at prosjektet vart gjennomført på ein god måte og introduserte Intin som smarthuspartnar, seier Bjarte, Fag Elektrikeren likte kombinasjonen vi kunne tilby: ei komplett løysing klar til bruk.

Med fokus på å levere bustadar for framtida

Fag Elektrikeren er ei mellomstor bedrift som sidan oppstarten i 2007 har vekse i takt med kundane sine. I dag er selskapet ein kjend aktør i Bergensområdet og er opptatt av å levere moderne bustadar.

– Ein kunde som investerer i smarthus, forventar at det fungerer utan mykje tenking. Dei vil trykke på ein knapp og sjå at det berre verkar, seier Sivertsen, her kom Intin sin ekspertise inn i biletet for å sikre at smarthusløysinga ikkje berre vart satt opp rett – men at den også var enkel i bruk. Med Intin sin kompetanse på Homey-plattforma samt onboarding og opplæring av kunde kunne systemet setjast opp effektivt og brukast intuitivt frå dag éin.

– Med eit aukande fokus på lysstyring og energisparing blir slike løysingar stadig meir attraktive, forklarar Petter

– Med Intin sin kompetanse og opplæring, kunne systemet setjast opp og brukast intuitivt frå dag éin.

Petter Sivertsen, Fag Elektrikeren

Lys som set stemninga

Stilen på huset og belysninga gjer at det ser gjennomført og eksklusivt ut. Fleksible produkt av høg kvalitet gav bygget eit heilskapleg og gjennomtenkt lysbilde.

– Utandørs brukte vi PDS ZMG-profilen med inntrukke deksel, som gir eit mjukt uttrykk, mindre blending og smalare lysspreiing. Dette gjer ein forskjell når ein bruker stova og ser ut gjennom dei store vindauga, fortel Bjarte og fortset:

– Downlighten Pandion saman med R10-R bøygd LED-profil i stova skapte eit breitt og flott lysbilde. I tillegg vart det levert fleire SLC Design-produkt, mellom anna frå Gunnar Fjellestad. Innsparkla 48V-skinne med små, fysiske lysmodular gir ei fleksibel løysing som lyssett akkurat der ein ønskjer fokus. Bruk av fasedim og DALI-drivarar byr heller ikkje på nokon problem med Homey.

Kombinasjonen av lysdesign frå Lyskomponenter og smarthusstyring frå Intin gjorde at alt fungerte sømløst.

– Samarbeidet med Intin var veldig enkelt! Vi spelte kvarandre gode og fekk eit resultat som kunden er fornøgd med. Det var utruleg greitt å kunne overlate ting til Intin og vite at det vart ivareteke, fortel Bjarte Søraa.

Eit samarbeid som skapar meirverdi

For Fag Elektrikeren var det ein stor fordel å jobbe med ein samarbeidspartnar som Intin.

– For oss som elektroinstallatør var det veldig positivt å sleppe å bruke mykje tid på support og onboarding av kunden, seier Sivertsen.

Eit viktig aspekt er at Intin tilbyr opplæring og support, noko som gjer at vi slepp å handtere mange tekniske telefonar frå kundar. Dette gjer prosessen smidigare og meir effektiv.

– Resultatet vart veldig bra. Systemet fungerer etter hensikta, og kunden er godt fornøgd. Vi ser på prosjektet som ein suksess. Samarbeidet med Intin og Lyskomponenter har vore positivt, og vi ser fram til å jobbe med fleire prosjekt saman, avsluttar Sivertsen.

Om Intin

Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.

Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no

Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600

Fleire saker

Fleire saker

Hafstadvegen 23
6800 Førde

   

Hafstadvegen 23 | 6800 Førde

post@intin.no | 965 04 600