
– Vi må klype oss i armen over at vi faktisk bur her!
Joakim Hordvik og kona Bibbi Duus hadde lenge hatt ein draum om å bygge sitt eige hus, men det var ikkje enkelt å finne ei passande tomt i Bergen. Etter fleire år med leiting og ulike strategiar fann dei endeleg ei tomt på Paradis med eit eldre hus.
– Beliggenheita var perfekt, nær Bybanen, sentrum, Flesland og butikkar. Huset hadde ikkje blitt godt tatt vare på, så vi fekk løyve til å rive og bygge nytt, fortel Joakim.
Fokus på ombruk
I prosessen med rivning valde dei å selje og gje bort mykje av materialane.
– Vi hadde god tid med tanke på alle prosessane vi måtte gjennom før bygging. Difor vart mykje av huset demontert, skilt frå kvarandre og anten gitt bort eller selt. Det største elementet var ein dobbeltgarasje. Ein kar frå Bømlo kom med to lastebilar, saga garasjen i tre delar og tok han med seg. Vi slapp å rive og kaste materialar, og han fekk seg ein garasje. Det var veldig kjekt, seier han.
Smarthus for komfort og energieffektivitet
Det nye huset er topp moderne og kunne vore kategorisert som eit passivhus om det ikkje hadde vore for dei store vindauga.
– Vi har lagt stor vekt på planløysing, design og belysning. I tillegg ville vi ha smarte løysingar.
Kvifor var det så viktig?
– Det var nok fleire ting, men vi er opptekne av å henge med i teknologiutviklinga. Smarte løysingar gjer kvardagen litt enklare. I tillegg handlar det om energioptimalisering og å ta omsyn til miljøet – at vi ikkje bruker meir enn nødvendig. Med automatisering av lys og energibruk kan vi redusere forbruket og dermed også kostnadene, fortel Joakim.
Løysinga vart Homey som styringssystem, kombinert med Philips Hue for belysning. – Homey vart anbefalt tidleg, og vi likte at det integrerer med det meste. Det var viktig for oss å samle alt i éin app for å gjere det brukarvennleg, seier han.
Smarthuset i kvardagen
No har familien budd i huset sidan desember 2023.
– Huset er heilt fantastisk og vi må klype oss i armen over at vi faktisk bur her!
Systemet fungerer godt, som alltid med ny teknologi er det nokre justeringar undervegs.
– Automatiseringane har vi justert litt etter behov. Vi brukar ikkje brytarar lenger, men har skjermar rundt i huset med forhåndsdefinerte knappar. For eksempel ved inngangsdøra har vi ein knapp som aktiverer huset når vi kjem heim, fortel Joakim og fortset:
– Utelys blir automatisk styrt etter astrour, og vi har delt det opp i soner – for eksempel hagen som éi sone og lysa på huset som ei anna.
Gjennomført belysning
Lysdesign er levert av Lyskomponenter og er eit viktig element i huset.
– Vi har eit variert utval med lysskinner, spotter i ulike storleikar og former, og LED-striper, fortel Joakim.
– Samansetninga av belysning er veldig bra, og vi er godt fornøgde med vala som er gjort. Målet var å variere, og der har Lyskomponenter heilt klart levert etter forventingane våre.
– Den gjennomgåande stilen er både fin og praktisk. For eksempel har vi valt spesifikke spotar til gangen, medan vi har utanpåliggande lys over kjøkkenbenken.
– Arcano-lysskinner er både kule og funksjonelle – dei er innfelte i taket, og spottane kan lett skyvast langs skinnene. Dette gjer det mogleg å plassere lyset nøyaktig der vi ønskjer, som til dømes for å lyse opp bilete på veggen. På kjøkkenet er det spesielt praktisk å kunne justere lyset i ulike retningar, for eksempel over vasken eller andre arbeidsområde der vi treng godt lys.
– Alt i alt synest vi at Lyskomponenter har gjort gode val og funne ein kombinasjon som fungerer perfekt for oss!
I prosjektet har tett samarbeid mellom elektrikar, lysdesignar og smarthusleverandør spelt ei viktig rolle for å sikre ei heilproff leveranse.
– Samarbeidet med Fag Elektrikeren, Lyskomponenter og Intin har fungert bra. Vi har fått veldig god oppfølging i etterkant, som for eksempel hjelp med å finjustere automasjonar og integrasjonar mellom dei ulike systema.
Gå for ei løysing som samlar alle systema
Joakim er veldig fornøgd med smarthuset og Homey-løysinga.
– Vi har ikkje utforska alle moglegheitene enno, det finst nærmast uendelege funksjonar. Men vi veit at vi skal sjå på fleire automasjonar for å gjere kvardagen enklare, og ta i bruk stemmekommandoar på Google-høgtalaren vår.
Til andre som vurderer smarthus rådar han:
– Gå for ei løysing som samlar alle systema, og bruk tid på å planlegge kva funksjonar du faktisk treng. Vi angrar ikkje eit sekund på val av Homey og løysingane vi har valgt!
Om Intin
Intin er ei kompetansebedrift som spesialiserer seg på smarthusteknologi og styringssystem. Vi jobbar med å gjere det enklare for elektrikarar og sluttkundar å velje, installere og bruke moderne og framtidsretta teknologi.
Er du el-installatør som skal levere smarthus, snakk med oss først: 965 04 600 eller send oss ein mail post@intin.no
Sluttkunde som er nysgjerrig på smarthus? Slå gjerne på tråden: 965 04 600